[email protected]


Logo
Bli medlem
Kvalitetsklubb

Trott sitt arbeid og aktiviteter skal basera seg på vår visjon og våre verdier, og valg og beslutninger som gjøres til daglig i klubben skal utføres på basis av disse.Dette skal vera våre grunnhaldningar som alle i klubben skal leva etter, og jobbe målbevisst og hardt for å oppnå.

Visjon

«TROTT FOR ALLE, FLEST MOGLEG, LENGST MOGLEG».

I Trott skal det vera eit godt miljø, både sportsleg og sosialt. Miljøet skal vera positivt, engasjerande, inkluderande og rusfritt.

Trott har som målsetting å leggja forholda til rette slik at flest mogleg barn og unge, på alle nivå, kan få ta del i fotballaktivitet prega av tryggleik, meistring, trivsel og Fair-play.

Idretten skal vera ein samlingsfaktor der det skal det vera plass til alle som vil driva med fotball, utan tanke på kva bakgrunn eller kva livssyn dei måtte ha.

I Trott jobbar me heile tida med å skaffe gode nok treningsforhold. Me ynskjer at Prestegardsskogen skal bli ein open sosial møteplass for barn og unge, både formelt og uformelt. Dette vil skapa identitet og samhald.

Me har som mål å rekruttera dyktige, engasjerte trenarar og leiarar til alle lag. Me skal bidra til å auka trenarkompetansen ved hjelp av samlingar / kurs i eigen regi, eller i samarbeid med naboklubbar eller Hordaland Fotballkrets.

Trott skal jobba aktivt med å rekruttera nye dommarar. Me skal leggja forholda til rette og motivera til at spelarar, leiarar og trenarar kan velja dømming som alternativ.

Trott skal ta ansvar i lokalsamfunnet gjennom å ha eit godt samarbeid med dei andre klubbane på Stord, andre idrettar, frivillige organisasjonar, Stord kommune og det offentlige.

Verdier

Tryggleik

Prestegardsskogen skal vera ein trygg og mobbefri arena for alle. Det skal vera trygt å senda borna sine på trening i Trott. Å tørre å vera seg sjølv, å tørra å feila, å tørra prøva på ny, - det kan ein gjer i eit trygt fellesskap. Trygg fotball for alle inneber nulltoleranse for vald og alle former for diskriminering.

Meistring

Meistring gir glede og samhald. Positiv sjølvkjensle vert utvikla gjennom meistring. I eit trygt fellesskap der ein ivaretar kvarandre er det rom for utvikling og meistring. Alle skal oppleve meistring på sitt nivå. Fotball er lagidrett og her er alle like viktige. Meistring skaper glede både som fellesskap og som individ.

Fellesskap

I Trott skal alle kjenne på at dei er ein del av eit fellesskap. Her er alle like viktige store som små. I barne- og ungdomssåra er det å ha eit fellesskap og det å høyre til viktig for personlig utvikling. Å gleda seg til trening og å gleda seg til å møte vennene sine i Trott. Me praktiserer likeverd og inkludering for å motverke utanforskap.