Påmelding Allidrett - 2026
Vi held fram med tilbod om Allidrett i Trott frå hausten av. No er det høve til å melde seg på. Tilbodet er for born fødd i åra 2021-2022.
Med Allidrett i Trott ønskjer vi å gje borna glede med fysisk aktivitet, i ein trygg sosial setting der vi gjev borna høve til å prøve ut ulike typar inne- og uteaktivitetar.
Innandørs vert det leik og basisaktivtetar retta mot balanse, koordinasjon, balltilvenning etc. I tillegg vil vi vere ein del utandørs, med kano, natursti, sykkelaktivitet, hinderløype, samt ski, aking og skeiser om vinteren etc.
Vi tek utgangspunkt i at allsidigheit, leik og meistring er grunnleggjande for utvikling av fysisk aktive born. Tilbodet skal gi borna mangfald og variasjon i aktivitetar innandørs og utandørs. Målet er å stimulere til utvikling av grunnleggjande fysisk meistring. Som igjen kan stimulere interesse for å vere fysisk aktiv lengst mogeleg. Tilbodet er opent for alle.
Vi startar opp med aktivitet (ein gong i veka) i midten av september 2026, og avsluttar året rundt 1. mai 2027. Vi har fast tilhaldsstad i gymsalen på Rommetveit skule, med treningstider tysdag og torsdag ettermiddag/tidleg kveld.
Me er heilt avhengig av at nokre foreldre er instruktørar, så om du vil bidra her, eller har andre spørsmål ta kontakt med Tage Båtsvik på [email protected] eller tlf 454 26 924.
Påmelding finner du her: PÅMELDING