[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Nye æresmedlemmar

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

08. november 2023

Forside
News article image

Det vart under 75-års festen, utnemnt to nye æresmedlemmar i Trott.

Lørdag 21.oktober, arrangerte Trott fest på Arena i forbindelse med 75-års jubileumet.

Det var spenning i salen då to nye æresmedlemmer i klubben blei utnevnt.

Dei nye æresmedlemmane er Terje Moe og Birger Grov.

Terje Moe:

Kom til Trott på slutten av 80-talet etter nokre år i Stord. Han er ein rolig og sindig kar ein kan stole 100 % på. Han har spelt 293 kampar og klargjort 1000-vis av kamper. Han fekk NFF Hordalands honorære stipend for 2018 for lang og tro tjeneste for klubb – ei ekte eldsjel. Han er statistikkongen vår. Han har figurert i ulike roller i klubben, blant anna som sportslig leiar i 14 år, styremedlem i 17 år, samt sjåfør og lengstsittande oppmann med 25 års jubileum i år.

Birger Grov:

Starta si Trott karriere i 1979 og har hatt ein rekke verv i klubben oppover. Han har vore trenar, spelar, leiar, styremedlem, dommar og prosjektansvarlig. Han har hatt ein finger med i det meste som har skjedd i Prestegardsskogen dei siste 30 åra. Birger har 620 A-lags kamper og minst 172 mål. Kjære Trottarar, me gir vår hyllest Birger Biggen Grov