Sponsorar
Baneforhold
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
20. januar 2021
Forside
Informasjon 20. januar
Den gamle 11- ar banen er no grovmåka. Det betyr at den kan takast i bruk. Det vil sjølvsagt bli betre om ein finmåkar med dei måkene som står ved ballbua. Alternativet er at ein ventar til regn og vind fjernar resten… Hugs at ein ikkje må måke inn i måla eller laga haugar av snø på banen. Måk lengst mogeleg vekk.
Når det gjeld den dei 2 nye banane er det forbodet å måke/ bruke dei så lenge det er snø på dei. Det er etter avtale med kommunen og er veldig viktig i høve to grunnar; slitasje og miljøperspektiv. Håpar at alle kan hjelpe til å halde banane opne og at ein respekterer reglane som me er einige med kommunen om.