[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Allidrett 2021

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

15. juni 2021

Forside
News article image

Vi held fram med tilbod om Allidrett i Trott frå hausten av. No er det høve til å melde seg på.

Vi held fram med tilbod om Allidrett i Trott frå hausten av. No er det høve til å melde seg på.

100 born har delteke på Trott Allidrett i 2020-2021. Tilbodet blir vidareført frå hausten av, for born fødd i åra 2013, 2014, 2015 og 2016.

Med Allidrett i Trott ønskjer vi å gje borna glede med fysisk aktivitet, i ein trygg sosial setting der vi gjev borna høve til å prøve ut ulike typar inne- og uteaktivitetar.

Innandørs vert det leik og basisaktivtetar retta mot balanse, koordinasjon, balltilvenning etc. I tillegg vil vi vere ein del utandørs, med natursti, sykkelaktivitet, hinderløype, ski, aking og skeiser om vinteren etc.

Vi tek utgangspunkt i at allsidigheit, leik og mestring er grunnleggjande for utvikling av fysisk aktive born. Tilbodet skal gi borna mangfald og variasjon i aktivitetar innandørs og utandørs. Målet er å stimulere til utvikling av grunnleggjande fysisk mestring. Som igjen kan stimulere interesse for å vere fysisk aktiv lengst mogeleg. Tilbodet er opent for alle.

Vi starter opp med aktivitet (ein gong i veka) i midten av september, og avsluttar året rundt 1. mai.

Tidene er tilpassa dei treningstidene fotballen i Trott har for årsgruppene 2013-2015, slik at det ikkje vert på same dag.

  • Born fødd i 2016 har treningstid tysdagar, kl 16.30-17.30 og kl. 17.30-18.30, i gymsalen på Rommetveit skule.
  • Born fødd i 2015 har treningstid torsdagar, kl 16.30-17.30 og kl. 17.30-18.30, i gymsalen på Rommetveit skule.
  • Born fødd i 2013 og 2014 utgjer ei samla gruppe med treningstid torsdagar kl. 17.30-18.30,i Nordbygdohallen

Du kan melde på barnet ditt ved å sende ein e-post med namn, fødselsdato og bustadadresse for barnet/barna, samt kontaktinfo (e-post, mobiltlfnr) for forelder/føresette til [email protected]

Påmeldingsfristen er sett til 30.08.2021, men send oss gjerne ei påmelding så rakst som mogeleg.

For de som har born som har vore med på tilbodet i 2020-21 gjer vi det slik at vi automatisk vidarefører påmeldinga, de treng altså ikkje melde på borna på nytt. Dersom de veit at borna dykkar ikkje skal vere med til hausten, så send ein e-post til [email protected] så skal vi stryke dei frå lista.

Følg Trott Allidrett på Facebook.