[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Treningstider Trott 2016

Forfatter: Terje Moe

12. januar 2016

Fotball
News article image

Forslag til treningstider for vinteren 2016 er no klart.

Antal lag i Trott aukar, og alle skal ha plass.

Me har sett opp nokolunde samtidige treningstider for laga som er nær kvarandre i alder.

Tredelinga av 11'ar-banen er tenkt slik: Felt A og B er like store, og i kvar ende av banen, med tilgang til 11'ar-mål. Felt C er mindre og midt på banen, gjerne for yngre spelarar. Dette kan laga sjølvsagt endra og tilpassa seg i mellom når ein ser kor mange som er på trening.

Nordbygdobanen er ikkje tilgjengeleg for trening før det blir lysare dagar og kveldar.

Det er eit mål i Trott at lag på dei ulike alderstrinna trenar saman.
Det er likevel noko ledig plass på Rommetveit. Ta kontakt om laga dykkar helst vil trena der.

Me håpar å få setla tidene kjapt slik at dei kan begynna å virka frå mandag 18. januar.

Om det er forslag til forbetringar, eller om det er tider som absolutt ikkje passar,
ta kontakt med Terje Moe, 90755335, [email protected].