[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Ønskeliste til jul

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

29. november 2023

Forside
News article image

Kjære julenisse!

Custom image



Trott IL legg snart bak seg eit innhaldsrikt år. Nye drakter og ny kleskolleksjon. Utallege treningar og kampar er blitt avvikla. Dugnader og kafear. Cupar og sosiale arrangement.

Det er ein meget positiv aura over Trott IL om dagen. Nytt lagerbygg er på veg opp. Nye arenaskilt er snart på plass. Og me skal snart i gang med tak over tribunen.

Det er lagt ned vanvittige mengder med frivillighet i 2023, for at me er kommet der me er i dag. Men me treng enda fleire, for at dette skal være berekraftig over tid.

Det nærmar seg Jul, og det er tid for å ønske seg ting. Trott IL sitt ønske er å fylle fleire av dei «opne» rollene i Idrettslaget. Me har dermed satt oss eit mål å kunne lansere desse på sjølvaste Julafta i år.

Sitter du med ein følelse av at du vil bidra med noko, eller kjenner nokon som vil bidra, gje oss ein lyd. Har du spørsmål til kva dei ulike «rollene» innebærer, ikkje nøl med å ta kontakt med nokon i Styre og stell.


Custom image