[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Brann - kamp på Brann stadion!

Forfatter: Birger Grov

04. november 2013

Fotball
News article image

Trott har gjennom samarbeidet med Hummel fått tilgang til gratis billettar til sesongens siste kamp for Brann. Det er kampen mellom Brann - Tromsø 10. november 2013.

Nokre stikkord rundt opplegget:

  • Gratis kampbillett for alle spelarar, trenarar og oppmenn. Det gjeld også for alle i Trott som er engasjert i andre arrangement som til dømes Spar- cup, Tine fotballskule, Basaren og sjåføroppdrag.
  • Det blir i utgangspunktet ikkje organisert noko reiseopplegg frå Trott si side. Likevel er det greitt om ein lagvis prøver å organisere reisa. Trott ser for seg at reiseopplegget kviler på foreldregruppa.
  • Trott reiser i Trott- utstyr. Fin måte å profilera klubben på.
  • Kvart lag melder inn til [email protected] kor mange billettar ein treng. Siste frist innan fredag kl. 1200. (Bruk e-post då det blir enklast for dei som tek imot påmeldingane)
  • Sjekk Trott sine heimesider om tilbodet frå Brann/ Hummel. Trott tek ikkje imot påmeldingar til showet i sentrum før kampen.
  • Dei som ønskjer å vitja Brann- butikken må gjere det på eige initiativ.
  • Trott deler ut billettane ved Brann stadion frå 1 time før kampstart.

Det er viktig at ein sjekkar heimesida til Trott utover veka. Det kan koma meir informasjon rundt opplegget Håpar at dette blir ei fin oppleving for mange av våre medlemmar!

Sjå vedlegg til høgre.