Stord - Trott 16. mars
Forfatter: Terje Moe
17. mars 2007
Stord - Trott 1-2 (0-0) Vikahaugane kunstgras fredag 16. mars 2007 kl 1855.
Domar: Finn Christiansen
Trott stilte følgande lag:
Martin Fauskanger,
Joachim Tharaldsen, Geir Olaf Danielsen, Eirik Hildal, Tor Ove Anuglen,
Idar Kannelønning, Øystein Hillestad, Thomas Steensohn, Øyvind Blålid, Lars Sjøvold,
John William Gundersen.
Innbytarar for Trott:
Marius Vik 60 min. for Idar Kannelønning,
Erling Abrahamsen 1 omgang for John William Gundersen,
Sigurd Slåtto 15 min. for Joachim Tharaldsen,
Jan Morten Lunde 10 min. for Geir Olaf Danielsen.
I det skiftande veret på Vikahaugane utkjempa eit ungt Stord-lag og eit ungt Trott-lag ein fin fredagsduell.
Stord var best i innleiinga, pressa høgt, tvang Trott til å gjera feil, og styrte kampen.
Trott kom betre med etterkvart, byrja å vinna duellar, og blei tryggare i pasningsspelet.
I andre omgang var Trott betre enn Stord. Bakerst spelte Martin Fauskanger med autoritet. Hardtarbeidande Øyvind Blålid og Øystein Hillestad fekk
overtaket på midtbanen, medan Geir Olaf Danielsen og Eirik Hildal stort sett haldt orden i midtforsvaret.
Berre unntaksvis var det trøbbel når Jan Diego på Stord sette fart på dribleføtene.
Stord sitt mål kom etter 52. Etter ein feil på eigen halvdel overtok Stord ballen. Remi Larsen skåra.
Marius Vik utlikna etter 60. Erling Abrahamsen slo ein presis pasning frå sin venstreback-posisjon, og Marius sette ballen presist i mål åleine med keeper.
Dei to ordna også 1-2 5 minuttar seinare. Ein ny fin gjennombrotspasning frå Erling sette Marius i posisjon. Marius skåra sikkert på ny.
Om dei to Trott-måla var offside er utan interesse.
Idar Kannelønning skada seg i første omgang og måtte på legevakta. Der blei det konstatert strekt leddband i kneet.
Nokre vekers pause så er Idar i gong igjen, får me tru.
Nokre gule og raude kort blei registrert, men dei er fort gløymt.
No ventar siste kamp i Remax mot Fitjar onsdag 21. mars, så Nordnes 31. mars og Torvastad 3. påskedag.
Helga etterpå er det seriestart.