Sponsorar
Trottbasaren
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
09. september 2018
Forside
IL TROTT arrangerer den årlege basaren i Samhald søndag 28.oktober kl.16.30. Dette er ei særs viktig inntektskjelde for drifta av idrettslaget, så me er avhengige av at alle lag og spelarar bidreg.
Informasjon:
- Utlevering: MÅNDAG 17. SEPTEMBER kl. 18.00-19.00 kan loddbøkene til spelarane hentast i Trotthuset. Lagleiar for kvart enkelt lag har ansvar for at desse blir utdelt og samla inn
- Innlevering: MÅNDAG 22. OKTOBER kl. 18.00- 19.00 må lagleiar levera inn loddbøkene og åregevinstar frå laga sine. Fyll ut statuslista som følgjer med.
Nokre aldersgrupper har i tillegg ulike oppgåver som lagleiar må organisere:
- Jente- og gutelag 7 år har ansvar for kakebaking. Minst tre av kakene må vere glutenfrie. Kakene/ bollane kan leverast i Samhald søndag 28.10 mellom kl. 15.30 og 16.15.
- Jente- og gutelag 11 år har ansvar for å selje lodd to laurdagar på Spar Haga (20.10 og 27.10 frå kl. 11- 17) Gute- og jentelaget fordeler sjølv tidene dei vil selje. Lagleiar får utdelt ekstra bøker saman med dei andre bøkene, og leverer dei saman med dei andre bøkene eller på basardagen. I tillegg må lagleiar skaffe bord/ stolar til dei som skal selje (eller låne frå Trotthuset)
- Jenter 15 hjelper til på kjøkken og med sal på basardagen. Me treng 4 spelarar til å selja i kiosken + 5 spelarar til å selja årer. Desse må møta på kjøkkenet i Samhald 20. oktober kl. 16.00.
- Juniorlag gutar hjelper med bordbæring før og etter basaren. Oppmøte kl. 14.30 og ca. kl. 18.30 i Samhald
Om du har spørsmål, ta kontakt med Ellen Tanggaard, 99001141
Tusen takk for hjelpa så langt !!!!
Sportsleg helsing
IL Trott v/ Basarnemda