[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Spar Haga cup 2016

Forfatter: Tor Erik Eide

05. juli 2016

Fotball
News article image

Påmelding for den populære spar haga cup er nå klar.

IL Trott har gleden av å invitere dykk til haustens store fotball begivenhet på Stord 17. og 18. september 2016

Den populære Spar Haga turneringa inkludera også i år gutar og jenter i 10 års klassen.

Det vil bli ein rein 7er turnering med følgande klassar:

  • Minijenter 10 år - MJ10
  • Minigutter 10 år - MG10
  • Småjenter 11 år - LJ11
  • Smgutter 11 år - LG11
  • Småjenter 12 år - LJ12
  • Småguter 12 år - LG12
  •  

Me tilstreber å gi alle lag fire kampar kvar. Alle kampane blir på samme dag. Me prøve å legga opp slik at lag som kjem langveis fra ikkje spelar kampar tidleg på dagen. Vidare vil me tistreba eit komprimert kampprogram, slik at ventetida blir redusert til eit minimum. Kampane blir 2 x 13 minutt. Vanlege 7er reglar vert fulgde bortsett frå speletid på kampar. Kampreglementet er tilgjengelig i cup portalen.

Kampar vil bli spelt på laurdag 17. september kl 10 til 18 og sundag 18. september kl 10 til 18. Me har kapasitet til mellom 40 og 50 lag frå heile Sunnhordaland, Rogaland, Voss og Bergensområdet. Utanom kampane prøve me å leggja opp til ei fin sosial ramma for både born, trenarar og foreldre. Det vera ulike aktivitetar, sal av pølse, graut, kaker, brus, is etc. Om været tilet det blir det grilling ute. Sport 1 Stord vil ha stand begge dagane med mange gode tilbod.

Priser: Lagsavgift kun kr. 750 pr lag, ingen deltakeravgift pr. spelar.

Det er foreløpig ikkje avklart kva dag dei ulike klassane skal spela på. Det vil være avhengig av kor mange lag som er påmeldt i kvar klasse. Når me nærmar oss utløp for påmeldingsfrist vil da bli sendt ut informasjon om kva dag dei ulike klassane spelar på. Alle lag får sine kampar samme dag.

Påmeldingsfrist er 5. september. Betalingsfrist er satt til 12. september 2016. Husk å merke betalinga med lag. Kontonummer: 3520.07.19237. Betalinga merkes "Spar Haga cup 2016 + lagsnavn".

Velkommen til fotballglede og ei minnerik helg i Prestegardsskogen idrettspark på Stord i haust!

Påmelding her: http://kxweb.no/portal/public/tournament/teamSignUp.do?id=1513