[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Smitteutbrot

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

25. oktober 2020

Forside
News article image

Ei presisering i høve idrettsaktivitetar

Det har kome meg «for øyra» at det går føre seg ei drøfting internt i «idretten» om korleis oppmodinga frå Stord kommune frå 24.10 skal tolkast. Det vert tilrådd at ein « i helga og ut i komande veke held seg mest mogleg heime på fritida og unngå større folkesamlingar eller å samlast i større grupper privat».



Dette rådet er eit tiltak for å nå ungdomsgruppa og husstandar med ungdom. Få dempa m.a. «utelivet» og privatfestar hjå desse og merksemd på symptom i husstandane med ungdom. Mønsteret i smittefordelinga lokalt, slik den ser ut no, ligg til grunn for dette. Det må ikkje tolkast som nye restriksjonar for idretten. Det er framleis dei generelle råda om smittevern som gjeld, men med same tyngde som før, då den generelle smitten på Stord er uendra.


Lukke til med helsefremjande tiltak !


Med venleg helsing,



Lars Helge Sørheim
Kommunelege 1, Fagavdeling RHO