Tine fotballskule - Oppdatert informasjon
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
05. juni 2020
Haustferien 2020
Hei alle!
I forbindelse med Corona-situasjonen, var NFF si anbefaling at Tine fotballskule i slutten av juni, skulle utsettast til etter sommaren.
Det er no kome nye reglar som opnar opp for likevel å ha det som normalt i juni. Me ser at andre klubbar no har sendt ut informasjon om dette.
Trott valte tidleg å utsetta denne til haustferien i veke 41, med ein varighet på 2 dagar. Me vel å halda på denne veka, men diskuterar no om me skal utvida skulen til heile haustferien, altså 5 dagar.
Meir informasjon rundt varighet vil koma innan kort tid.
Me presierar igjen at me ikkje har avlyst Tine fotballskule, berre utsatt den til haustferien, slik NFF i utgangspunktet råda oss til.