[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Årets fyrste treningskamp

Forfatter: Erling Abrahamsen

28. mars 2007

Fotball
News article image

Bremnes inviterte Trott 93 til kamp på Bømlo. Me takka ja, og det var nok Bremnes glade for. Særleg fyrste omgang... Heldigvis heva laget seg sterkt i andre omgang - ein omgang der mykje var svært bra!

Laget me møtte frå Bremnes var eit godt lag, med eit par veldig raske og skotsterke angrepsspelarar. Desse fekk styre godt i 1. omgang, men heldigvis kjempa heile laget bra, slik at stillinga ikkje vart meir enn 5-0 til pause.

I andre omgang endra me litt på laget, flytta nokre både frå og til uvante posisjonar, og me såg raskt at dette hjalp. Sjølv om det må trenast mykje på posisjonar og pressituasjonar, betra dette seg kraftig i andre omgang, og Trott lot ikkje Bremnes styra kampen som i 1. omgang. Frå å ligga under 5-0, greide laget å heva seg så mykje at det til slutt blei 6-3. Med litt flaks så kunne me fått både 2 og 3 mål til, men det kunne sjølvsagt Bremnes og... Eg er iallfall veldig fornøyd med innsatsen i andre omgang. Dette lovar bra.

Ein ekstra ros til Erlend som kjempar som Kristoffer Hæstad heile kampen gjennom og slår passningar som Tom Kåre Staurvik (for dei som huskar han), samt til Ådne som vart flytta ned frå spiss til høgreback og spelte ein fantastisk 2. omgang. Morten som skåra 2 flotte mål må og rosast for ein bra innsats. Det er og veldig bra å ha Kristian med i mål.

Me legg 1. omgang rask bak oss, og fokuserer heller på den kanongode 2. omgangen. Kvar og ein gjorde ein kjempejobb då.

Laget:

Kristian

Kristoffer - Muki - Simon - Sigbjørn

Alf H - Øyvind - Erlend - Aleksander

Morten - Ådne

Innbyttarar:
?

Mål: Morten 2, Alf Henrik 1