Haugesund Sparebank er ny hovudsponsor i Trott
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
01. juli 2026
Trott har inngått den største sponsoravtalen i klubbens historie. Haugesund Sparebank blir ny hovudsponsor, og samarbeidet markerer ei viktig milepæl for klubben.Avtalen gir Trott eit solid økonomisk løft og skaper endå betre føresetnader for å utvikle klubben vidare, til glede for både spelarar, frivillige og lokalsamfunnet.
Trott er ein rein dugnadsdreven klubb, likevel er det faste utgifter som må dekkjast. Vi har dei siste åra sett ei generell pris- og utgiftsauke, der prisar på mellom anna pålagd spelarforsikring har auka betydeleg. Faste sponsormidlar til drift er difor avgjerande dersom vi skal unngå å auke foreldrebetalinga.
Me er glade for at Haugesund Sparebank støttar breiddefotballen og satsar på inkludering, fellesskap og engasjerte lokalmiljø. Det skal vere trygt og kjekt å spele i Trott, og med Haugesund Sparebank på laget får vi endå betre rammer for å gi spelarane gode moglegheiter for meistring og utvikling.
– Med Haugesund Sparebank som hovudsponsor får me endå betre moglegheiter til å gi spelarane våre gode rammer for meistring og utvikling. Me ser fram til eit langsiktig og godt samarbeid som vil kome både klubben og lokalsamfunnet til gode, seier Lene Pilskog, styreleiar i Trott.
– Trott er mykje meir enn ein fotballklubb. Dei skaper møteplassar, byggjer fellesskap og tek eit viktig samfunnsansvar. Det er verdiar som samsvarer godt med det Haugesund Sparebank ønskjer å bidra til. Gode partnarskap handlar om meir enn ein logo på ei drakt – det handlar om felles verdiar og eit felles ønske om å skape noko positivt for lokalsamfunnet. Difor er vi stolte over å bli ein del av Trott-familien, seier Martin Fauskanger, ansvarleg for vekst og relasjonar i Haugesund Sparebank.