Allidrett for 5. og 6. åringane
Forfatter: Gro Skare Lien
11. juni 2017
Hausten 2017 vil Trott starte opp med eit tilbod om Allidrett for ei felles gruppe med born fødd 2011 og 2012.
Tilbodet vil ha ei fast "treningstid" i veka. Vi vil ha fast tid i Nordbygdohallen. I tillegg vil vi når vêret tillet det ta i bruk området i og rundt Prestegardsskogen idrettspark til aktivitetar utandørs. Tarzanløypa, trimløypa, banar og skogen ligg der med alle mogelegheitar for leik og aktivitet. Det vil og vere aktuelt å med aktivitetar utafor nærområdet. Skeiser på Vikahaugen, ski og aking i prestegardsbakkane, klatring i klatrevegg etc.
Vi planlegg for å starte opp med tilbodet ca. 20 september. Du kan melde på barnet ditt ved å sende ein epost med namn, fødselsdsdato og adresse for barnet/barna, samt kontaktinfo (e-post, mobiltlfnr) for forelder/føresette til [email protected]. Påmeldingsfristen er 01.07.
Det er plass til 30 barn, så her er det "første mann til mølla" som gjeld. Dei 30 første som melder seg på får plass, og dei som kjem i etterkant blir satt på venteliste om ønskjeleg.
Det blir lagt ut meir informasjon om påmelding på Trott si nettside og FB-side, og det er ei eiga side for Trott allidrett på Facebook som kan vere nyttig å følge.
Vel møtt!