[email protected]


Logo
Bli medlem
Styret

Historisk sponsoravtale for Trott

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

27. oktober 2026

Forside
News article image

Trott har inngått ein 5-årig avtale med Haugesund Sparebank, som går inn som klubben sin fyrste hovudsponsor. Avtalen gir Trott eit solid økonomisk løft.

– Eg er veldig glad for å få Haugesund Sparebank med på laget som Trott sin aller første hovudsponsor. Dette er ein viktig milepåle for klubben, og eit samarbeid som gir oss eit betydeleg økonomisk løft, seier styreleiar i Trott, Lene Pilskog.

Sponsoravtalen gir Trott meir føreseielege økonomiske rammer og endå betre føresetnader for å utvikle klubben vidare.

- Trott er mykje meir enn ein fotballklubb. Dei skaper møteplassar, byggjer fellesskap og tek eit viktig samfunnsansvar. Det er verdiar som samsvarer godt med det Haugesund Sparebank ønskjer å bidra til, seier Martin Fauskanger, ansvarleg for vekst og relasjonar i Haugesund Sparebank.

Trott er ein breiddeklubb med ein tydeleg visjon: «Trott for alle, flest mogleg, lengst mogleg». Klubben skal bidra til aktivitet for barn og unge og samstundes vere ein viktig bidragsytar og sosial møteplass i lokalsamfunnet. Tryggleik, meistring og fellesskap er klubben sine verdiar.

- Trott skal vere for alle, uavhengig av fotballnivå. I Trott skal alle kjenne på at dei er ein viktig brikke i laget, og ein del av fellesskapet. Vi skal vere ein inkluderande klubb som bidrar til meistring og utvikling hos barn og unge og som motverkar utanforskap, seier Pilskog.

- Gode partnarskap handlar om meir enn ein logo på ei drakt – det handlar om felles verdiar og eit felles ønske om å skape noko positivt for lokalsamfunnet. Difor er vi stolte over å bli ein del av Trott-familien, seier Fauskanger.

Trott er ein rein dugnadsdreven klubb, men det er likevel faste utgifter som skal dekkjast. Dei siste åra har det vore ein generell prisauke, og prisane på mellom anna pålagd spelarforsikring har auka betydeleg.

- Vi ønsker å helde foreldrebetalinga så låg som mogleg. Faste sponsormidlar til drift er avgjerande for å få til dette. Vi ser fram til eit langsiktig og godt samarbeid med Haugesund Sparebank som vil kome både klubben og lokalsamfunnet til gode, seier Pilskog.