Ny leiar
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
21. februar 2020
Tek over i Trott
Inge Espenes (biletet), mest kjend som hamnesjef i Stord, tek over som ny leiar i Trott, etter Geir E. Aga, som døydde i fjor. Det er klart etter at årsmøtet vart halde denne veka.
Med seg i styret får han Rune Eide (anlegg), styremedlemmene Bernt-Chr. Simonsen, Karoline Espe Klippen og Eva S.H. Grov, Irene Strømø Kvalvik (skrivar) og Erling Grov (sportsleg leiar). Varamedlemmer er Trond Søyland, som også fungerer som kasserar, Egil Grov og Birger Grov.
Av årsmeldinga går det fram at det er rundt 500 medlemmer i Trott, men klubben slit med å halda medlemstalet oppe, noko som det blir ekstra fokus på i åra som kjem. Det er særleg på jente- og damesida ein slit med rekruttering, og Trott samarbeider difor kommande sesong med både Solid og Fitjar for å kunne stilla lag i J15, J17 og i senior.
Svein A. Birkeland (ref)