Oppstartssamling for årets 1.klassinger
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
21. september 2020
Ei flott første samling for 1.klassingane
Onsdag 2.september var 14 jenter og 26 gutar i lag med føresette samla til oppstartssamling i Trotthuset og på Trott stadion. Dei føresette fekk presentert Trott som kvalitetsklubb, organisasjonen og roller, handbok og sportsplan, med spesiell fokus på det som er aktuelt for barnefotballen.
Mange føresette meldte seg som trenarar og lagleiarar noko som er veldig kjekt for 2014 kullet som får ei solid gruppe til å leia lagene.
Medan dei vaksne var i Trotthuset fekk 1.klassingane ei økt på Trott stadion leia av spelarar frå gute- og jenteungdomslaga.
Tusen takk til ungdomsavdelingen som tar imot komande fotballspelarar og er gode førebilete.
Me ønskjer dei nye laga, spelarar som vaksne, lykke til utover hausten og håpar alle finn seg godt til rette hos Trott.