Trott 75år!
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
15. september 2023
Velkomen til 75-års jubileumsfest
Velkomen til 75-års jubileumsfest
Me har gleda av å invitera nye og gamle Trott-supporterar over 18 år til stor jubileumsfest laurdag 21. oktober kl. 19.00 på Arena, Frugård!
Me byr på god tapas og levande musikk. Til å leia oss gjennom kvelden har me fått med oss visevert Arne Torget.
Trott har gjennom dei siste 75 åra vore ein viktig institusjon i Nordbygda, og det er ein svært oppegåande jubilant som no ønskjer velkomen til fest.
Visjonen vår er Trott for alle, flest mogleg, lengst mogleg. Med verdiane våre tryggleik, meistring og fellesskap i bunn er me stolte av vår dedikerte kvalitetsklubb som jobbar for å skapa eit inkluderande og raust oppvekstmiljø for alle medlemmane våre.
I samband med jubileet ønskjer me å invitera viktige støttespelarar som ordføraren, naboklubbar, støttespelarar, æresmedlemmer og alle dykk andre.
Vonar du har anledning til å stilla på 75 – års markeringa vår!
Eigenandel blir 200 kr. Drikke til maten kjøper ein sjølv.
Helsing jubileumskomiteen