[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Jenter 19 - KRETSMESTERE 2024!!

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

11. november 2024

Forside
News article image

J19 blei laurdag kretsmeistrar

J19 blei laurdag kretsmeistrar i Hordaland Jenter 19 – etter ein spanande og avgjerande kamp mot eit godt Voss-lag som hadde mange med frå damelaget sitt i 3. divisjon.

Prestasjonen til laget i kampen speglar spelestilen dei har hatt gjennom sesongen, der fokuset har vore på utvikling i fleire fasar hos spelarane.

Laget sitt hovudfokus har vore ballinnehav og pasningsspel, der målet har vore å framstå som eit spelande lag. Arbeidet med laget, som starta allereie i fjor, har gitt gode resultat både for laget som heilskap og for einskilde spelarar som har tatt steget opp/delvis opp i damelaget.

Basen av spelarar er jenter fødde i 2007 (17 år), og startellevaren laurdag hadde ein snittalder på 16,9 år. Laget har skåra flest mål og har samla den beste statistikken av alle lag i serien denne sesongen.


Gratulerer, jenter, og lukke til vidare!