INNFØRING AV 9ÈR FOTBALL
Forfatter: Hilde Heggøy Kjelsnes
14. januar 2014
Temasamling.
Påmelding til [email protected] innan 29 jan.
Hei klubbar i Stord og Bømlo
På leiarmøtet i sone Stord / Bømlo i haust vart det informert om innføring av 9`er fotball frå sesongen 2014.
Frå klubbane kom det ønske om ei temasamling på nyåret.
Hordaland fotballkrets, sone Stord / Bømlo, inviterer:
- leiar / ungdomsleiar i klubb
- sportsleg leiar / medlemmer i sportsleg utval i klubb
- trenarar og leiarar frå jente- og gutelaga i årsklassane 2001
- dommarar
til temasamling om INNFØRING AV 9`ER FOTBALL.
Dato: søndag 2.februar
Stad: Solidhuset / Nysæter Idrettsplass
Tid: kl 14.30 - 17.00
Agenda:
kl 14.30 - 15.00: Bakgrunn for innføring av 9`` er fotball, spilleregler mm - v/ Hordaland fotballkrets. Diskusjoner.
kl 15.10: Jentekamp 9 `er fotball - Møtedeltakarane er publikum. Observerer og diskuterer :-)
kl 16.00: Gutekamp 9`er fotball - Møtedeltakarane er publikum. Observerer og diskuterer :-)
Solidhuset er åpent - det serveres kaffi og noko å bita i, så mens kampane pågår kan ein også sitta inne og la gode diskusjoner gå....
Vel møtt!
Grethe