Allidrett 2020
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
08. juni 2020
Oppstart Allidrett hausten 2020
Vi held fram med tilbod om Allidrett i Trott frå hausten av. No er det høve til å melde seg på.
120 born har delteke på Trott Allidrett i 2019-2020. Tilbodet blir vidareført frå hausten av, for born fødd i åra 2012, 2013, 2014 og 2015.
Med Allidrett i Trott ønskjer vi å gje borna glede med fysisk aktivitet, i ein trygg sosial setting der vi gjev borna høve til å prøve ut ulike typar inne- og uteaktivitetar.
Innandørs vert det leik og basisaktivtetar retta mot balanse, koordinasjon, balltilvenning etc. I tillegg vil vi vere ein del utandørs, med natursti, sykkelaktivitet, hinderløype, ski, aking og skeiser om vinteren etc.
Vi tek utgangspunkt i at allsidigheit, leik og mestring er grunnleggjande for utvikling av fysisk aktive born. Tilbodet skal gi borna mangfald og variasjon i aktivitetar innandørs og utandørs. Målet er å stimulere til utvikling av grunnleggjande fysisk mestring. Som igjen kan stimulere interesse for å vere fysisk aktiv lengst mogeleg. Tilbodet er opent for alle.
Vi starter opp med aktivitet (ein gong i veka) i midten av september, og avsluttar året rundt 1. mai.
Tidene er tilpassa dei treningstidene fotballen i Trott har for årsgruppene 2012-2014, slik at det ikkje vert på same dag.
Born fødd i 2015 har treningstid tysdagar, kl 16.30-17.30 og kl. 17.30-18.30, i gymsalen på Rommetveit skule.
Born fødd i 2014 har treningstid torsdagar, kl 16.30-17.30 og kl. 17.30-18.30, i gymsalen på Rommetveit skule.
Born fødd i 2012 og 2013 utgjer ei samla gruppe med treningstid i Nordbygdohallen torsdagar kl. 17.30-18.30.
Du kan melde på barnet ditt ved å sende ein e-post med namn, fødselsdato og bustadadresse for barnet/barna, samt kontaktinfo (e-post, mobiltlfnr) for forelder/føresette til [email protected]
Påmeldingsfristen er sett til 30.08.2020
For de som har born som har vore med på tilbodet i 2019-20 gjer vi det slik at vi automatisk vidarefører påmeldinga, de treng altså ikkje melde på borna på nytt. Dersom de veit at borna dykkar ikkje skal vere med til hausten, så send ein epost til [email protected] så skal vi stryke dei frå lista.