[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Barnefotballkveld med stor oppslutnad

Forfatter: Gro Skare Lien

28. april 2016

Fotball
News article image

Heile 16 trenarar deltok på Barnefotballkvelden som blei arrangert i Trotthuset 27.04.2016

Trott IL er veldig nøgd med at så mange trenarar/lagleiarar hadde høve til å delta på Barnefotballkvelden. No har alle laga i Barnefotballen trenar som har denne kompetansen, og det er rett før me er ferdig kvalifisert til å bli Kvalitetsklubb.

Kjetil Lothe leia kurset med ein teoridel først, før deltakarane hadde gruppearbeid og praktiske øvingar ute med Trott LG12. Kurset gav god kompetanse med gjennomgang av Trott sine verdiar og retningslinjer, moglegheiter og utfordringar samt verkemidlar i klubben. Den praktiske delen hadde fokus på gode og funksjonelle øvingar for 7-12 åringane. Korleis organisere treningane, ha mest mogeleg aktivitet og unngå kø. 

Trott kjem gjennomføre dette kurset for nye trenarar kvart år. 

Custom image