[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

TROTT sertifisert som NFF Kvalitetsklubb 1

Forfatter: Marius Hope

05. oktober 2017

Fotball
News article image

Mange av klubben sine tillitsvalde var samla til ei markering i det nye, flotte klubbhuset til Trott i Prestegardsskogen.

Custom image

Han trakk fram verdien av å synliggjere dette med "Klubben som sjef", og å bygge ein organisasjon som er både stor nok og god nok til å drifte ein klubb I vekst.  

Deretter fortalde kvalitetsklubbansvarlig i Trott, Geir Alvsvåg, litt om den store jobben som klubben har gjort for å tilfredstilla dei kriteriene som ligg I krava. Han rosa styret I klubben for den positive holdninga dei hadde til prosjektet, og trakk fram viktigheten av prosjektgruppa som vart sett ned, og den jobben dei har gjort. Spesielt på utdanningssida var det ein stor jobb som matte gjerast. I tillegg var det Sportsplanen som det blei gjort ein god jobb med.

Frå NFF Hordaland fortalde veileder litt om kvalitetsklubbarbeidet som er gjort i Trott. Klubben er nr 14 I Hordaland som blir sertifisert, og nr 2 i region Sunnhordland (etter Odda FK). 

Det blei også poengtert viktigheten av å holde "trykket" oppe no, og sørge for at denne sertifiseringen bare er begynnelsen på den jobben som klubben no skal gjere framover med å holde nivået oppe I heile organisasjonen.

Nestleiar I styret til NFF Hordaland Mats Christian Mandt fekk deretter ordet og gratulerte Trott med dagen. Han fortalte om viktigheten av kvalitetsklubbarbeidet, og kva dette kan bety for kompetansenivået i klubbane våre framover. Det at spesielt barn og ungdom skal kunne få ein god arena i nærområda sine med kvalifiserte trenarar/leiarar I klubben sin.

Deretter var det toppkamp I 4.divisjon herrer mellom Trott og Bjarg. I pausen av denne blei alle tilskuarar og tillitsvalde/spelarar til stades invitert I klubbhuset, der nestleiar Mats Christian Mandt overrekte Trott v/styreleiar Geir Aga dei synlege bevisa på at dei no er sertifisert som Kvalitetsklubb, Nivå 1. Diplom, seil og diverse Fair-Play artiklar.

Deretter var det kakefest der klubben spanderte kake og kaffi på alle dei frammøtte."

NFF Hordaland gratulerer IL Trott med vel gjennomført prosjektfase og status som NFF Kvalitetsklubb 1!