Bambusadugnad 2023
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
08. november 2023
Ny runde Bambusa-sal er i gang!
Bambusadugnad.
Trott inngjekk i 2022 avtale med Bambusa om salg av sokker som dugnad til inntekt for Trott idrettslag. Avtalen er ein 3-års avtale med to dugnader per år, ein vår og ein haust. Klubben har til no hatt to dugnadsrunder, haust 2022 og vår 2023.
Dugnad er ei viktig inntektskilde for IL Trott. Klubben har med Bambusa dugnadene eit mål om å
samle inntekter tilpassa behovet for aldersgruppene våre og sikre at alle lag har ein dugnad som vil enten redusere ein kostnad for spelarane eller gi dei eit ekstra tilbod. Det er viktig for IL Trott at alle skal kunne delta på aktiviteter som koster ekstra.
Alle i Trott fekk i tillegg til ny spelardrakt, ny shorts og sokker frå klubben, og alle lag har fått sine eigne ballnett.
For ungdomsfotballen gjekk dugnadsinntektene til ein pott for Dana cup. Alle ungdommane som reiste til Dana cup fekk av klubben full reiseantrekk med zip genser og bukse.
For barnefotballen gjekk klubben til innkjøp av fire nye 3er baner for dei yngste. Trott hadde eit mål om å tilby eit ekstratilbod til spelarutvikling. Dette er noko klubben fortsatt jobber med å få til.
Me går no inn i ein ny runde med Bambusa dugnad. Det er viktig for klubben at alle medlemmane er med og bidrar i dugnaden og ser verdien i kva denne gir tilbake til den enkelte medlem.
Sokkene er blitt ein favoritt hos mange etter me starta med dugnaden. Denne runden vil ha flest av dei høge svarte sokkane, og 50/50 med lave svart og kvite ankelsokker. Uavhengig av innhaldet i posen kan dykk selge/kjøpe så mange eller få sokker av kvar sort høg svart/ankelsokk kvit /ankelsokk svart. Salget treng ikkje gå opp med innhaldet i posen.
I år gjer me ein vri med utdeling og innsamling. Det vert dugnadsansvarlig som skal stå for utdeling av sokkane i laget, og innsamling av rest for retur. Dugnadsansvarlig vil få beskjed om dette.
Dugnadsinntektene denne gang skal gå til utstyrsbur, til kvart av laga. Tanken er at alle lag får kvar sitt bur, der ein kan låse inn ballar og utstyr. Dette kostar ganske mykje, så me er avhengig av å få inn midlar til det.
Vedlagt er poster som kan publiserast, samt skjema ein fyller inn salg i.
Lykke til med salget!