Aktivitetsdag i Prestegardskogen
Forfatter: Gro Skare Lien
26. oktober 2017
Den 28.10 arrangerer Trott Allidrett open aktivitetsdag for 5. og 6-åringar i Prestagardsskogen. Det blir variererte aktivitetar inne i Nordbygdohallen. Ute vil Stord Sykleklubb lage sykkelhinderløype og ta med ungane på ein runde. Kom kom!
Vi inviterer til open aktivitetsdag for 5 og 6-åringar. Stord sykleklubb legg opp til sykkelaktivitetar ute i ormådet rundt Nordbygdo ungdomskule. Så opnar vi Nordbygdohallen for leik og moro. Her vil vi dele opp hallen, og legge opp til varierte aktivitetar.
Det blir kiosk/kafe.
Borna må komme i følgje med vaksen, og ha med seg "innsko" til aktivitetane i hallen.
Det blir ikkje noko stram regi på opplegget, og borna kan skal få veksle mellom aktivtetane etter eige ønskje. Men for å få ei nokonlunde grei fordeling av antallet born, organiserer vi det slik (med høve til "individuelle" tilpasningar):
- Kl 12-13: sykkelaktivitetar for 5-åringarne og hallaktivitet for 6-åringane
- Kl 13-14: sykkelaktivitetar for 6-åringane og hallaktivitetetar for 5-åringane
Velkommen til to aktive timar!