Fair play-klubbsertifikat
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
16. mars 2022
Trott mottok Fair play-klubbsertifikat for sesongen 2021
Frå venstre: Anniken S. Hoff (kretsstyret NFF Hordaland), Hanne Nesbø (Fair play-ansvarleg), Karoline Klippen (Fair play-ansvarleg og styremedlem) og Irene S. Kvalvik (nestleiar og kvalitetsklubbansvarleg).
NFF Hordaland arrangerte fotballeiarkurs 1 og 2 ved Stord hotell, 12. og 13. mars 2022. Her mottok IL Trott, Fair play-klubbsertifikat som eit bevis på at klubben har oppfylt kriteria frå NFF Hordaland. Trott har gjennomført tiltak, informert og tydeleggjort kva som vert krevd av spelarar, trenarar og foreldre når det kjem til Fair play. Det er etablert rutinar for kampvert for å sikre trygge og gode rammer for heimelag, dommar og dei tilreisande.
Fair play handlar om gode haldningar og respekt for kvarandre på og utanfor banen. Saman med NFF Hordaland har me i sesongen 2022 eit auka fokus på forebygging og handtering av negativ språkbruk, hets og diskrimimering. Det er også eit krav at alle lag i alle aldre skal stille med kampvert. For å lukkast med dette viktige haldningsskapande arbeidet treng me alle i klubben med. Dette får me til saman!
Trott takkar for utmerkinga og me skal jobbe vidare for at Pestegardsskogen fortsatt skal vere ein kjekk og trygg arena for borna våre.