[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

TROTT HAR SIGNERT AVTALE MED KOMMUNEN

Forfatter: Birger Grov

04. september 2017

Fotball
News article image

Overtek ansvaret for Nordbygdo fleirbrukshall.

1. september signerte Trottleiar Geir Aga og Arne Bjelland, Stord Kommunale Eigedom, under på leigeavtalen som gjer at Trott får ansvaret for fleirbrukshallen i Prestegardsskogen.

Avtalen går ut på at Trott får tilsynsansvar på ettermiddag/kveld og står og for utleige av hallen.

Garderobebygg, fotballbanar og uteområde er og innbefatta i avtalen.

Trott håper at avtalen vil generera meir aktivitet i Prestegardsskogen, og gje klubben og medlemmane eit større eigaransvar for byggningane og uteområde.

Dette vil bety mykje for den vidare utviklinga av klubben, og me får verkeleg vist at me er kvalitetsklubbstempelet verdig, og at dugnadsånda lever i beste velgåande i Nordbygdo.