[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Laksevåg - Trott 2-1

Forfatter: Terje Moe

12. mai 2007

Fotball
News article image

Trass mange sjansar blei det Trott-tap i Bergen.

Laksevåg - Trott 2-1 ( 1-1) 12. mai kl. 1500 i Lyngbø Idrettspark.
4. div. avd. 01

Trott stilte dette laget:
Martin Fauskanger,
Joachim Tharaldsen, Geir Olaf Danielsen, Tor Ove Anuglen, Eirik Hildal,
Øyvind Blålid, Thomas Steensohn, Øystein Hillestad, Lars Sjøvold,
Jan Tore Sørheim og Sindre Askeland.

1-0 10 Frode Hellesø
1-1 40 Thomas Steensohn
2-1 93 Frode Hellesø

Innbytarar:
Marius Vik 1 omg. for Sørheim,
Kjetil Østrem 1 omg. for Sjøvold,
Sigurd Slåtto 20 min. for Danielsen og
John William Gundersen 15 min. for Askeland.

Gult kort: Joachim Tharaldsen.

Dette var dei forspelte sjansars kamp. Trott hadde sjansar i fleng til å avgjera dette oppgjeret mot eit halvtrimma Laksevåg-lag.

Laksevåg tok leiinga etter 10 minuttar. Eit langt oppspel + stuss frå Frode Hellesø enda med ein duell med keeper Martin Fauskanger. Det blei straffe. Offa Hellesø skåra sikkert.

Etter 15 minuttar blei Laksevåg merkbart trøytte og Trott tok over. Spesielt Thomas Steensohn viste fint driv i denne perioden. Ikkje ufortent var det Thomas som utlikna på frispark frå 20 meter nokre minuttar før pause. I andre omgang fortsette Trott kjøret, no spesielt anført av Øyvind Blålid. Imponerande løpskraft på Valvatna-guten.

Forspelte sjansar, ja. Sindre Askeland, Marius Vik, John William Gundersen, Kjetil Østrem og Øystein Hillestad hadde alle sjansar til å avgjera, men lukkast ikkje denne gongen.

Det gjekk gale. Laksevåg fekk ein ny straffe. Verka lettkjøpt. Litt holding i feltet, men straffar langt inn i tilleggstida skal vera soleklare. På ny skåra Frode Hellesø sikkert. Offaen var den einaste på Laksevåg som viste klasse, ellers var det grått.

På Trott får Thomas Steensohn og Øyvind Blålid skryt for drivande midtbanespel. 16-år gamle Tor Ove Anuglen var som vanleg betong i forsvaret.

Slikt skjer. Det er berre å løfta seg til 16. mai-kampen i Prestegardsskogen mot Rosendal.