[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Trott - Tertnes 3-3

Forfatter: Terje Moe

09. juni 2007

Forside
News article image

Bra 2. omgang og opphenting

4. div. avd. 01
Trott - Tertnes 3-3 (1-2) fredag 8. juni 2007 kl. 1900 i Prestegardsskogen.

Trott stilte dette laget:
Martin Fauskanger,
Joachim Tharaldsen, Geir Olaf Danielsen, Tor Ove Anuglen, Remi Paulsen,
Øyvind Blålid, Thomas Steensohn, Øystein Hillestad, Lars Sjøvold,
Eirik Hildal og Kjetil Østrem.

Innbytarar:
Marius Vik 45 min. for Østrem,
Brynjar Lima 45 min. for Sjøvold,
Erling Abrahamsen 25 min. for Tharaldsen.

1-0 7 Øystein Hillestad
1-1 30 Andreas Flå
1-2 38 Andreas Flå
1-3 48 Andreas Flå
2-3 55 Brynjar Lima
3-3 80 Tor Ove Anuglen

Det var ein bra 4. divisjonskamp i Prestegardsskogen i går kveld. Tertnes, regissert av Jan Eivind Brudvik, som spelte på Brann før midtbanemotstandar Lars Sjøvold var fødd,  var kanskje best i første omgang. Trott starta bra med fine sjansar på venstresida. Målet kom også slik. Pasning frå Eirik Hildal ut til Øystein Hillestad. Skotet var hardt og presist og fauk inn.

Tertnes sine 3 mål er ikkje mykje å skriva om.

2-3 kom etter at Brynjar Lima utnytta klabb og babb ved 16-meteren. Skotet skrudde opp i hjørna.
Utlikninga kom 10 minuttar før slutt. Tertnes var sluttkøyrde og Trott jaga på. Kårneren frå Øystein Hillestad var presis og Tor Ove Anuglen kom i gode kliv, hoppa høgast av alle og stonga ballen i mål på bakerste stolpe. Fin prestasjon.

Juryen kom fram til at Øystein Hillestad var dagens trottar. God som grovarbeidar på midtbanen og med ork til å bidra offensivt med skåring og målgjevande pasning. I midtforsvaret viste Geir Olaf Danielsen fin duellstyrke og Marius Vik på vingen var positiv i andre omgang.

Trott skåra tre kanonmål, Tertnes tre drittmål. Trott var best i andre omgang og hadde kanskje fortent alle tre poenga.