[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Trott J19 vann serien

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

20. juni 2024

Forside
News article image

På tysdag kunne Trott J19 feire ein overbevisande 0-5 siger borte mot Smørås.

Trott J19 vann serien


På tysdag kunne Trott J19 feire ein overbevisande 0-5 siger borte mot Smørås. Med det sikra Trott-jentene seg sigeren i sin avdeling i Hordalandsserien. Laget har gått gjennom vårsesongen utan tap med ein målforskjell på 21. Dette er takka god fotballkunnskap, godt samhald og gode trenarar i Jonas Jonsson og Nina Lunde.


Trott J19 er eit samarbeidslag mellom Trott, Stord og Solid. Laga blei slått saman i 2023, noko som har fungert bra. Grunnstamma i laget består av 15 jenter, noko som betyr at laget har vore avhengig av å låne spelarar frå Stord sitt damelag samt J16 og J15 i Trott og Stord.


Til hausten ventar ein toppa serie i Hordaland. Det blir spennande.


Tekst og bilete: Håvard Framnes (Lagleiar)