Spar Haga Cup 2022
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
18. september 2022
Ein fantastisk dag i Prestegardsskogen!
I går var det endeleg duka for Spar Haga Cup igjen. Eit slikt arrangement, krever ekstremt mykje av både vaksne og barn, både i forkant, under og i etterkant. Difor er me så takknemlige for alle dei gode barna, trenarane, lagleiarar, foreldre og andre, som stiller opp og gjør dette til ein så flott dag som det vart.
Det vart ein storstilt dugnad på torsdag, der me fikk rydda og pynta rundt heile anlegget. Det var folk på plass på fredag for å rigga til alle banane, kafêen, kursing med dommarar og elles det som måtte ordnast dagen før dagen.
I går var endeleg dagen komen, det 75 lag frå både Sunnhordland og Rogaland, skulle møtast til festfotball i Prestegardsskogen. Omlag 500 spelarar, mykje foreldre, besteforeldre, søsken og andre møtte opp.
Frå ei som var med og tok bileter denne dagen:
"Eg vil beskrive stemninga i går med ord som fotballglade barn, yrande folkeliv, god stemning, stolte forelde og barn, mykje liv."
Eg trur me er samde når me ser den gleda borna våre har på eit slikt arrangement, at dette er noko me skal ha igjen til neste år ôg!
Eit stor takk til alle i komiteene, alle frivillige foreldre, alle som hjalp til på ein eller anna måte. Utan dykk, hadde ikkje dette vert mogleg.
Ei stor takk og til vår sponsor under cupen, Spar Haga!
Legger ved litt bileter frå gårsdagen.
Vekslande vêr gjennom dagen, men me holdt oss tørre!
Cupkua vår var det Trott Jenter 13 som tok seg av, til glede for alle barna!
Ein god taktikkprat må til før kampen!