Dugnad i Prestegardsskogen tysdag 6. mai kl 1730 - 1930
Forfatter: Birger Grov
28. april 2014
Me har alle eit felles ansvar for at det er ryddig og fint rundt oss i Prestegardsskogen.
Dugnad i Prestegardsskogen tysdag 6. mai kl 1730 - 1930
Me har alle eit felles ansvar for at det er ryddig og fint rundt oss i Prestegardsskogen.
Det er tid for rydding og fjelging av området i Prestegardsskogen. Det blir rydding i skråningar, bossplukking, maling av innbyterbuer, fiksing av gjerde, kosting av asfalt rundt banane, felling av småbuskar og tre. Det kan også vere aktuelt med rydding inne i garderobehuset/ Trottloftet.
Naudsynt utstyr kan vere trillebåre, ryddesag/ kantklyppar, hagesaks. Eller kom med 2 arbeidsivrige hender.
Dugnaden er for foreldre/ føresette og eventuelt trenarar/ oppmenn. Ungar kan også vere med. (Om det kjem ein person frå kvart lag er Trott veldig nøgde.)
Vel møtt i Prestegardsskogen kl 1730
mvh
Trott v/ Rune Eide