[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Stord 2 - Trott 1-4

Forfatter: Terje Moe

14. juni 2007

Fotball
News article image

I eit fint men kaldt sommarver tukta Trott det unge Stord 2-laget i går kveld.

Stord 2 – Trott 1-4 (1-0)
Stord Stadion onsdag 13.06.07 kl. 1900.

Trott sitt lag:
Martin Fauskanger,
Erling Abrahamsen, Geir Olaf Danielsen, Tor Ove Anuglen, Remi Paulsen,
Øyvind Blålid, Øystein Hillestad, Lars Sjøvold, Kjetil Østrem,
Eirik Hildal, Marius Vik.

Innbytarar: Brynjar Lima, Jan Tore Sørheim, Sindre Askeland, John William Gundersen og Knut Arve Haukefær.

Mål:
1-0     19      Torbjørn Agdestein
1-1     47      Eirik Hildal
1-2     50      Geir Olaf Danielsen
1-3     57      Kjetil Østrem
1-4     81      Marius Vik

Gule kort Trott: Lars Sjøvold, Marius Vik.


Stord 2 utnytta ein stygg feilpasning på veg framover. Torbjørn Agdestein utnytta feilen og sette inn 1-0. Om lag halvvegs i 1. omgang fann Trott-spelarane ut av det. Pasningane og løpa begynte å sitta og
Stord 2 blei jaga heimover. Marius Vik, Tor Ove Anuglen og Øystein Hillestad hadde alle brukbare sjansar.

Trenden heldt fram etter pause. Ein lang pasning frå Remi Paulsen havna hos Eirik Hildal, som trilla inn 1-1 forbi Øyvind Nyhammer i Stord-målet.
Geir Olaf Danielsen knalla inn 1-2 på frispark rett etterpå. Kjetil Østrem, som i sin tiande sesong i Trott stadig er like yr på trening og i kamp, fekk flott volley-treff på det høge innlegget frå Øyvind Blålid. Marius Vik skåra det siste frå kort hald etter at Jan Tore Sørheim hadde prøvd først.
Dei siste minuttane var begge laga trøytte og det enda 1-4.

Lars Sjøvold spelte sin beste 4. divisjonskamp i går. Fin ballkontroll og oversikt på førsteårsjunioren. Sisteårsjunior Marius Vik var også god framme i angrep. Marius hadde stor aksjonsradius, lure løp og var brukbar som feilvendt. Øyvind Blålid er ferdig med russegreiene og begynner å finna tilbake til dei fine taktene frå tidleg i sesongen, medan Erling Abrahamsen løyste oppgåva på høgrebacken greitt og kontant.

Neste kamp er mot Nymark i Prestegardsskogen søndag ettermiddag.