Kvil i fred Svein Langeland
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
06. april 2020
Vår kjære Æresmedlem i Trott, Svein Langeland, døde laurdag 4. april.
Vår kjære Æresmedlem i Trott, Svein Langeland, døde laurdag 4. april. Han har vore ein sentral skikkelse og ein bauta i Trott i over 50 år. Svein var ikkje berre trenar og oppmann, men også ein viktig person i heile oppvekstmiljøet i Nordbygdo. Han brydde seg om barn og unge, og gjorde ein positiv forskjell for veldig mange som har vakse opp i Nordbygdo og Trott. Svein var ei ekte eldsjel som støtta og brydde som om klubben i med og motgong, og var ein miljøskapar med gode historiar og omtanke.
Svein var Trott sin Dana Cup general i omlag 20 år. Han organiserte og fiksa alt som var naudsynt. Veldig mange av oss minnast den enorme innsatsen han la i Dana- cup, og dei gode relasjonane slike cupar skaper i Trottfamilien. Resultatet av dette strålande arbeidet ser ein i klubben i dag. Dana Cup var og er årets høgdepunkt for ungdomar, trenarar og lagleiarar den dag i dag. Alltid samla på same skule og alltid i Svein si ånd; 100% innsats, god åtferd og samhald. Takk for alle gode minner!
Våre tankar går no til Liv m/ familie som har mista ein kjær, stødig og flott person. Idrettslaget Trott er takksame for all tid og ressursar du har nytta på klubben, og særskilt takksame for vennskap gode stunder i lag i Trottfamilien.
Me lyser fred over Svein sitt minne.