Barnefotballkveld 26.10 kl 17.00-2100
Forfatter: Gro Skare Lien
16. oktober 2016
Det blir arrangert Barnefotballkveld av Il Solid den 26.10.16 kl 17.00-21.00 i kjellaren i Solidhuset. Kurset er for alle trenarar for laga i alderen 7-12 år.
Ein del av trenarane har gått dette kurset tidlegare - men kurset er no oppdatert og det blir synt ein del nye øvelsar - så Trott håper at flest mogeleg har anledning å møte denne kvelden.
Barnefotballkvelden er eit 4 timar praktisk/teoretisk temakurs som har fokus på korleis ein som klubb og klubbtrenar kan tilrettelegge for meir og betre differensiert og jamnbyrdig fotballaktivitet under trening og kamp.
Målet for kurset å gje riktige utfordringar for kvar einskild spelar slik at alle opplever mestring og tryggheit, både med tanke på å ha med flest mogeleg lengst mogeleg, men òg for å utvikle spelarar til å bli best mogeleg.
Det er mange praktiske øvingar ein kan bruke for å variere treningane, og dette kurset gir mange og gode tips i høve til å lage gode treningsøkter for born.
Påmelding til: [email protected].