Trott J2012 - Etnecup
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
18. juni 2024
Nøgd jente 2012 gjeng, etter cuphelg i Etne.
Heiagjengen er på plass!
Framifrå mat, både frukost, lunsj og middag!
Det var eit utrangla og nøgd Trott J12-lag, som 20 i talet returnerte heim frå Etne Cup-helg på søndag.
Gurimalla kor mykje gøy og læring det kan vera å delta på fotballcup. Alt i frå å sitja til bords til alle er ferdige å eta, å eta det me får servert og vera takksam for det, til å spela på uvant underlag og sova borte frå mor og far i 2 netter og erfara at det meistrar ein. Stoltheita over å tilhøyra Trott-klanen og bæra den blå drakta var tydeleg å sjå.
Rørande å oppleva all omsorga som vart utvist då me fekk eit kjedeleg kragebeinsbrot (det går etter forholda bra), og korleis dugnadsånda i foreldregruppa trådte i kraft slik at me fekk jenta raskt på legevakta på Stord.
Nok ein gong observerte me vaksne at det er kjekkare å gjera seg klar til disko enn sjølve diskoen og at dei havnar i ballbingen til slutt.
Honnør til Etne Cup for framifrå arrangement. Blide og serviceinnstilte folk på alle postar. Kjempegod mat og gratis kino, samt shuttlebuss til banane me spelte på.
Tekst og bileter:
Merethe Framnes Steinsbø, Lagleiar/trenar