Sponsorar
Opningsfest for alle med verv i Trott
Forfatter: Gro Skare Lien
12. februar 2017
Forside
Alle med verv i Trott er velkomne til opningsfest i Trotthuset fredag 10.03.2017 kl 19.30
For å markere sesongstart, og at me tek huset i bruk for fullt, har me gleda av å invitere lagleiarar, oppmenn, trenarar og ellers andre med verv i klubben, til ei hyggleg samankomst i Trotthuset. Det blir servert middag med drikke og kaffi, og det blir høve til å kjøpe drikkevarer av ymse slag utover kvelden.
Endre Olsen vil spele opp til dans etter maten.
Vonar du har høve til å delta i markeringa!
Med venleg helsing
Styret i Trott IL
Fint om du gjer ei tilbakemelding innan onsdag 01.03.17 om du kjem.
Epost: [email protected] eller tlf. 477 01 765.