[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Første trening for 2018 kullet

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

20. juni 2024

Forside
News article image

Første trening for 2018 kullet er gjennomført i lag med trenere, foreldre, oppstartsansvarleg og trenarveiledar.





Det var ein spent gjeng med komande 1.klassingar, som møtte opp til første trening i Prestegardsskogen i går.

Veldig gøy å sjå så mange håpefulle og blide ungar samla i Prestegardsskogen for å knytte nye vennskap, og forhåpentligvis mange gode opplevingar saman dei neste åra.

Nokon litt meir tilbaketrukket enn andre i starten, men etter 30 min inn i økta så var det store smil og mykje latter på heile feltet.

Det var heile 64 stk på første trening, 26 jenter og 38 gutter. Heilt fantastisk!

Ønsker alle hjarteleg velkommen inn i Trott familien i mange år framover!