4. divisjon: Uavgjort 2-2 mot Ballklubben
Forfatter: Terje Moe
23. juni 2007
Tett og intenst lokaloppgjer på Vikahaugane fredag kveld.
Leirvik Ballklubb – Trott 2-2 (1-1)
Vikahaugane kunstgras fredag 22. juni 2007 kl. 1900.
Trott sitt lag:
Martin Fauskanger,
Joachim Tharaldsen, Geir Olaf Danielsen, Tor Ove Anuglen, Remi Paulsen,
Øyvind Blålid, Øystein Hillestad, Lars Sjøvold, Kjetil Østrem,
Jan Tore Sørheim, Marius Vik.
Innbytarar:
Sindre Askeland 1 time for Tharaldsen,
Thomas Steensohn 55 min. for Østrem,
John William Gundersen 15 min. for Marius Vik
Mål:
0-1 10 Geir Olaf Danielsen
1-1 17 Ole Christian Christiansen
1-2 87 John William Gundersen
2-2 93 John Almås
Gule kort Trott: Jan Tore Sørheim, Thomas Steensohn.
Trott gjekk opp i leiing etter at Geir Olaf Danielsen skaut hardt frå midtbanen. Ballen glapp ut av
nevane på ballklubb-keeper Langeland. Ballklubben hadde store sjansar etter ein Christiansen-kårner. Trott greidde ikkje å reinsa unna ved dette høvet. Situasjonen blei avverga ved at ballen for over mål. Ballklubben utlikna på straffe ved Ole Christian Christiansen.
Ein forskrekka ung Trott-spelar meldte i pausen om trugsmål frå sin motspelar om armbrekking.
Vel vel. Såpass skal det vera i lokaloppgjer.
I andre omgang var det ikkje mykje fasong over ballklubben. Trott tok over og kom til ein del halv- og heilsjansar ved spissane Marius Vik og Jan Tore Sørheim. Det var ikkje ufortent at John William Gundersen sette ballen sikkert i nota nokre minuttar før full tid.
Langt inn i overtida kom utlikninga. Trott hadde ballen i augneblinken før og burde sprunge til kårnerflagget eller sparka ballen ned til HSD-bussane. Kva som helst, berre ikkje gitt ballklubben ein siste sjanse. Målet kom. Drittmål. Almås.
Geir Olaf Danielsen var banens beste spelar. Han hadde bestemt seg for at elles robuste Håvard Haga ikkje skulle få det lett. Slik blei det. Fleire gode skot frå 40+ meter tel også i hans favør. Lars Sjøvold på midtbanen blir betre og betre. Mot ballklubben viste han at han kan behandla kula.
I tillegg har den snille guten begynt å takla og laga frispark. Bra! Remi Paulsen spelte ein ny fin kamp på venstreback. Kjapp og god.
No er me halvvegs i sesongen. Haustsesongen startar torsdag borte mot Os 2.