[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Trott 75år

Forfatter: Bernt-Christian Simonsen

08. november 2023

Forside
News article image

Trott inviterte til markering av 75års jubileumet 21.oktober i Prestegardsskogen.

75 års jubileumsfeiring

I år feirer breiddeklubben, kvalitetsklubben og Fair-Play klubben IL Trott 75 år. Den 12.mars 1948 blei Trott skipa, og sidan den gong har me vakse oss til ein stor klubb med 420 aktive spelarar og 649 medlemmer. Me har ein formidabel dugnadsinnsats i klubben vår - ein ståpåvilje for å få til noko i lag til da besta for alle spelarane og medlemmane våre. Verdiane våre tryggleik, meistring og felleskap skal prega fotballaktivitet for me ønsker «Trott for alle, flest mogleg, lengst mogleg».

Trott ønskjer og takke dei lojale sponsorane våre, trenarar, lagleiarar og alle som er engasjert i ulike roller gjennom kvalitetsklubb. Det aktive styret vårt, og alle andre som bidrar med dugnadsarbeid for klubben vår. Takk til alle dykk som har vore med og bygd opp klubben over mange år og våre lojale supporterar

For å markera 75 års jubileet arrangerte Trott ein familiedag i Prestegardsskogen laurdag 21.oktober, etterfulgt av festmiddag på kvelden. Den 11.november arrangerer klubben turnering for barn og ungdom i klubben i Nordbygdohallen med no heile 180 påmeldte.

Takk til ungdomsstyret i Trott med sine 12 medlemmer som er med på å skape ein sterkare klubb med fokus på trivsel, samhald og Fair-Play. Ungdomsrådet er medarrangør i cupen.

Trott ønskjer takka Sparebanken Vest for tildelingen på kr 75 000 til markering av jubileet for alle medlemmane våre

Familiedag

Trott inviterte til markering for store og små i Prestegardsskogen 21.oktober med open kafe, grilling, hoppeslott, 3er baner og minigolf for dei minste. A-laget spelte sin siste kamp for sesongen med heimekamp mot Austevoll. Under pausen blei årets seriemestere i ungdomsavdelingen markert; jenter 14, gutar 15 og gutar 17, og jenter 15 for sin flotte prestasjon med semifinale i Adidascup og Danacup. Høgtideleg sermoni og kjekt å få gjera stas ved ein slik anledning

Jubileumsfest

Markeringa på Arena starta med Trottfilmen på storskjerm etterfulgt av allsang til Trottsangen, og det sette stemningen for resten av kvelden. Konferansier for jubileumsmarkeringa var Arne Torget. Kvelden opna med jubileumstale frå leiar Irene Strømø Kvalvik og nestleiar Øystein Hillestad, Egil Haugland fortalde om arbeidet i klubben med identitetsbygging og pågåande prosjekt, etterfulgt av Trottdikt frå Arne Torget før maten som var tapas frå sponsor Bakeriet Frugård.

Arena var dekortert med spelardrakter frå mange år tilbake, og gamle bileter og utklipp utstilt til hyggelig mimring for alle saman.

Flotte helsingar fekk klubben gjennom talar frå Stord IL ved Kjartan B. Grov, varaordførar Øyvind Kyvik frå Stord kommune, fellestale frå Stord Fotball og IL Solid ved Torleif Værøy, Sparebanken Vest ved Arve Havnerås og Sigurd Litlabø, A-lags trener Bjørn Helge Anuglen, og avslutta med tale frå æresmedlem Jan Kåre Pedersen.

Jubileumsgåver

Blomehelsing frå Aker Solutions Stord og Stord kommune. Biletkunst frå Stord IL, og kunst frå Stord fotball og IL Solid, bilete frå «den gylne årgang» frå Jan Kåre Pedersen.

Pengegåve frå Sparebanken Vest pålydande kr 200 000,-, GB Stord pålydane kr 50 000,-, JKP.Holding Gurli Pedersen pålydande kr 100 000,-, Subshore pålydande kr 50 000,- og Alltech Service pålydande kr 50 000,-

Pengegåvene er retta til bygging av tak over nye tribunen, og klubben gler seg til å starte dette prosjektet når lagerbygget er ferdigstilt.


Laurdag annonserte Bjørn Helge offisielt sin avgang som A-lags trenar. Bjørn Helge har gjennom 10 år gjort ein formidabel jobb for A-laget med grundig planlegging og oppfølging. Klubben takkar Bjørn Helge for den flotte jobben han har gjort

Takk til jubileumskomiteen for godt planlagte arrangement.

Sponsorar

Leirvik Aker Solutions - Stord Montér Fargerike Malerboden Stord Dekkservice Proled As Sport 1 Stord Bakeriet Frugård Fylkesnes Bil AS GB Stord Helgevold Gruppen Grov Forskaling SPAR Haga Fagne Sunnhordland kraftlag As