Sunnhordland klinikken – samarbeidspartnar for Trott
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
13. august 2026
Gjennom samarbeidet med Sunnhordland klinikken får medlemmene våre tilgang til eit godt behandlingstilbod når skadar oppstår.
Samarbeidsavtalen gir mellom anna:
Prioritert og rask tilgang til behandling for seniorspelarar.
Fast rabattert pris for spelarar i senioravdelinga.
Rabatterte prisar for spelarar i barne- og ungdomsavdelinga.
Dekning via idrettsforsikring: Henrik og Sindre er godkjende terapeutar i behandlarnettverket til idrettsforsikringa. Det betyr at utøvarar med godkjend idrettsforsikring kan få dekka kostnadene til undersøking og behandling ved skadar.
Såletilpassing for barn: John Einar Aase tilbyr såletilpassing gjennom Solemaids for barn med hælsmerter, noko som kan bidra til betre avlastning og raskare tilbakekomst til aktivitet.
Me er glade for å ha Sunnhordland klinikken med på laget, slik at utøvarane våre får rask og trygg oppfølging når dei treng det.
Treng du bestilla time, kan du enkelt gjør dette her: BESTILL TIME