Allidrett 2024-2025
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
19. juni 2024
Vi held fram med tilbod om Allidrett i Trott frå hausten av. No er det høve til å melde seg på.
Påmelding Allidrett - 2024/2025
Tilbodet er for born fødd i åra 2015-2019.
Med Allidrett i Trott ønskjer vi å gje borna glede med fysisk aktivitet, i ein trygg sosial setting der vi gjev borna høve til å prøve ut ulike typar inne- og uteaktivitetar.
Innandørs vert det leik og basisaktivtetar retta mot balanse, koordinasjon, balltilvenning etc. I tillegg vil vi vere ein del utandørs, med kano, natursti, sykkelaktivitet, hinderløype, samt ski, aking og skeiser om vinteren etc.
Vi tek utgangspunkt i at allsidigheit, leik og meistring er grunnleggjande for utvikling av fysisk aktive born. Tilbodet skal gi borna mangfald og variasjon i aktivitetar innandørs og utandørs. Målet er å stimulere til utvikling av grunnleggjande fysisk meistring. Som igjen kan stimulere interesse for å vere fysisk aktiv lengst mogeleg. Tilbodet er opent for alle.
Vi startar opp med aktivitet (ein gong i veka) i midten av september 2024, og avsluttar året rundt 1. mai 2025. Vi har fast tilhaldsstad i gymsalen på Rommetveit skule.
Born fødd i 2019 har treningstid tysdagar, kl. 16.30-17.30 og kl. 17.30-18.30.
Born fødd i 2018 har treningstid torsdagar, kl. 16.30-17.30.
Born fødd i 2015-2017 utgjer ei samla gruppe med treningstid torsdagar kl. 17.30-18.30.
Me treng foreldre som kan vere med som instruktørar, så om du vil bidra her, eller har andre spørsmål ta kontakt med Tage Båtsvik på [email protected] eller tlf 454 26 924.
Påmelding finner du her: PÅMELDING