Ballturiltu
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
16. november 2022
Storfint forfattarbesøk i Prestegardsskogen, med keeperrolla i fokus
På ein grå og regntung torsdag 9. november vart vertskapsklubb for årets Ballturilltu arrangement, Trott, velsigna med opphaldsvêr på Trott Stadion denne ettermiddagen. Rundt 30 forventningsfulle og fotballglade born i alderen 8-11 år var samla til fotball og leseøkt, med keeperrolla i fokus. «Fallturiltu-general» Roald Kaldestad og styreleiar i Trott, Irene Kvalvik ynskja tidlegare keeperproff og no forfattardebutant, Håkon Opdal og dei oppmøtte velkomen til felles treningsøkt på feltet.
Opdal, som har ei imponerande keeperkarriere bak seg, som spelar både i Start, Brann og med innhopp på landslaget, tok med seg sju spelarar som til vanleg ofte innehar keeperrolla på sine respektive lag, til ei spesial keeper treningsøkt med han. Resten fekk øva opp pasnings-og skudd dugleikane før me alle samlast til straffekonkurranse med Opdal i mål. Det var verken den største eller eldste spelaren som til slutt stod att som vinnar, men navnebror Haakon Nesbø Haugland på 7 år, som vart overrekt signerte og «kamp-brukte» keeperhanskar av Opdal i premie.
Nøgde born vart etter treningsøkta losa inn i Trotthuset, til vel fortent påfyll av frukt og ein god stol å kvila kroppen på. Opdal innleia den litterære delen av arrangementet med å fortelja om boka «Den Ellevte Mann», som han har gjeve ut til gode anmeldingar. («En oppsiktsvekkende litterær debut», Dag Solstad. «Den ultimate boka om livet og det å stå i mål», Erik Thorstvedt).
Sjølv om dette primært er bok for vaksne, snakka Opdal om viktigheita alle roller har, anten det er på fotballbana eller i samfunnet elles. Utespelarane er avhengige av sin keeper og vise versa, for å kunne gjennomføre ein fotballkamp.
Opdal overlot podiet til barnebok forfattar, Maria Parr, som fortalde at også ho har spela fotball i oppveksten. Parr gav ei skildring av handlinga i bøkene sine Vaffelhjarte og først og fremst, Keeperen og Havet, som var i fokus denne kvelden, og som ho avslutta med levande høgtlesing frå, til lydhøyre born og vaksne. Tilhøyrarane fekk læra at bøkene har fleire og viktige tema som mobbing og kjønnsdiskriminering, venskap, humor og fotballinteresse i ei lita vestlandsbygd.
Stor stas var det at kvelden vart avslutta i Trotthuset med trekking av lodd, der premiane var boka Humorboka, av Terje Torkildsen, samt autografskriving av dei fine forfattargjestene.
Tekst:
Merethe Framnes Steinsbø