Nye ansikt i Trott
Forfatter: Bernt-Christian Simonsen
04. november 2021
Her er dei nye ansikta i Trott
Leiarar barnefotball
Det er ny struktur i leiar barnefotball. Denne rolla er no delt i to.
Rene Stockmann er sportsleg leiar barnefotball for aldersgruppa 6-8 år og Merethe Steinsbø Framnes er leiar barnefotball for aldersgruppa 9-12 år. Sportsleg leiar barnefotball vil seie at ein er kontaktperson for trenar og støtteapparat, og har ansvar for den sportslege aktiviteten som inneber at sportsplan vert fulgt og revidert. Ein har også eit ansvar rundt spelarlogistikk, hospitering og fungerer som kontaktpunkt for saker der koordinering eller ei avgjerd trengs. Sportsleg leiarar barneidrett er med i sportsleg utvalg.
Anleggsansvarlig
Kenneth Trovåg er ny anleggsansvarleg i Trott. Som anleggsansvarleg er ein ansvarleg for at anlegget vedlikehelds. Dette inneber banetilhøve, tilgjengelige mål og fasiliteter rundt banen. Anleggsansvarleg arrangerer dugnad 2 ganger i året med foreldre og støtteapparat.
Materialforvalter
Magnhild Agdestein er den nye materialforvalteren i Trott. Materialforvalter utarbeider og følger fastsatte rutiner for materiellforvaltning. Dette inneber bl.a. å budsjettere det totale utstyrsbehovet saman med styret. Materialforvalter lager og vedlikehalde utstyrsoversikt og sørger for drakter, førstehjelpskrin og anna nødvendig utstyr til alle lag. Materialforvalter deltar i forhandlinger om utstyrsavtaler.
FairPlay koordinator
Hanne Nesbø er ny FairPlay koordinator i lag med allereie fungerende FairPlay koordinator Karoline Klippen. Å vera FairPlay koordinator betyr å vera med å implementere klubbens strategi ut i praksis med bl.a. å vedlikehalde praktiske og konkrete kjøreregler for FairPlay i Trott, og vera eit bindelegg mellom styret og laga i Trott. FairPlay koordinator kan bistå lagleiar, trenar, spelar og foreldre eller andre som treng det i klubben ved konkrete episodar som går på bekostning av FairPlay. Praktiske ansvarsområder er å synleggjera klubbens sportsplan, handbok og verdidokument, samt legga til rette for at anlegget har eit FairPlay preg og støtte klubb, spelarar og lag med støtteapparat med FairPlay effekter og holdningskontrakter. FairPlay koordinator har også ei rolle i kommunikasjon med krets og forbund og andre klubbar i kretsen.
Fiks ansvarlig
Bernt-Christian Simonsen tar over som Fiks-ansvarleg i Trott. Fiks ansvarleg har ansvar for påmelding av lag og medlemsregistrering, og er til hjelp for dei i klubben som treng oppgaver utført i Fiks. Fiks ansvarleg skal ordne nødvendige tilganger til lagleiarar og sjå til at personer med tilgang til Fiks innehar kompetanse til dei sine påkrevde oppgaver i Fiks, bl.a. elektronisk kamprapportering.Som Fiks-ansvarleg skal ein sjå til at klubbens ledelse til ei kvar tid kjenner til alle påkrevde oppgaver i Fiks og held seg sjølv oppdatert på utviklingen i Fiks.
Arrangementsansvarlig
Randi Beathe Hovland er arrangementsansvarlig i Trott. Dette inneber å organisere planlegging av Spar Haga cupen og koordinere med dei laga som er ansvarleg for gjennomføring av cupen kvart år.
Oppstartsansvarlig
Fredrik Gundersen er ny oppstartsansvarlig i Trott. Rolla inneber å ha ansvar for å sette i gang oppstart av nye årganger med spelarar kvar haust med invitasjon av førsteklassane i august, møte for foreldrene og blivande trenarar og lagleiarar i lag med nøkkelpersoner i Trott for å informere om klubben, og legge til rette for ei god første spelarøkt for dei nye trottarane.
Lukka til!
Mange takk til Rune Eide, Edmund Lande, Per Audun Halleraker, Irene Kvalvik og Kjell Sverre Aasheim for deira innsats som anleggsansvarlig, materialforvalter, Fiks ansvarlig, oppstartsansvarlig og vedlikehold av anlegg og uteområde.