IL Trott ynskjer at alle som vil skal få vera med i klubben. Inkluderingsfondet, som me har valt å kalla det, er eit tilbud Trott har for å oppnå dette.
Inkluderingsfondet har som formål å gje barn og unge som er medlem i Trott Idrettslag moglegheit til å ta del i aktivitetar på lik linje med vennane sine, som dei elles ikkje ville kunna delteke på grunna private økonomiske forhold.
Utanforskap er ei stor utfordring i dagens samfunn, og kan i nokre tilfeller også føra til mobbing og utestenging frå viktige sosiale arenaer. Idrettslaget er overtydd om at vi ved å oppretta dette fondet kan sikra at endå fleire får oppleva å vera ein del av idretten på Prestegardskogen
Dersom ein har behov for dette, kan ein senda ein epost til: [email protected]. Ein treng ikkje utdjupa kvifor ein ynskjer å søka, men det må komma fram kva ein søkjer stønad til. Søknaden vil bli behandla av 2 i styret til Trott, samt trenar/lagleiar til den aktuelle personen. Det vil sjølvsagt bli handsama konfidensielt.
Barn, trenar, foreldre eller andre kan søka for den det gjelder.
Inkluderingsfondet kan brukast til feks medlemsavgift, cup, eller anna aktivitet i regi av Trott. Trott vil i så måte betale/delbetale for den aktuelle søkaren.
Utbetaling frå fondet, vil gå direkte til føremålet.
















